Sjå min matpakke-den er lik år etter år

26. april 2018

Eg har ei erkjenning å komme med.
Vi vinn ikkje matpakkekonkuransen i år heller.

Sanninga er vel at om nokon har lyst til å kritisere den, så er eg nok ein av dei som vil bli trekt fram som eit elendig eksempel som overhodet ikkje er til etterføljing.
Sidan den inneheld nugatti.
Og fine knekkebrød.

Eg får mogeleg eit pluss for at nugattien er av type zero, og at knekkebrøda er av den svindyre glutenfrie typen, grønn forpakning og heile 40 kr stykket.
Utover det- så er det fy fy!

Og skikkeleg dobbelt huff.

Det er kjemisk fri for noko med frukt, eg trur faktisk ikkje det har vore nærleik av befruktning av desse matboksane på i alle fall 3 år, og det finnast heller ikkje grønnsaker av noko slag.
I det heile er grønne saker ei utfordring i seg sjølv.
(Forutan om knekkebrød i grønn innpakning, det går).

Forresten så er det heller ikkje så greit å spise ting som er for hardt, eller for mjukt.
Tildømes er frø ei stor ufordring når det kjem til brødmat.

Frø som er full i fiber, som skal støvsuge tarmen for både det eine og det andre, og ikkje minst få i gang avføringa som eit skudd!
Hjelp lite når det som er att av skiva er ein haug med smular, etter at avkomma i frustrasjon har prøvd å fjerne alle fremmedelementa (les frøa) frå skivene, FØR inntaket!

Ironisk nok går knekkebrød igjennom testen, det som både er hardt, og ikkje minst kan vere ubehageleg å ete (meinar no eg liksom), men det er av ein eller annan merkeleg grunn ikkje slik.

Mat er anten for varm, for kald, den er ekkel, har feil farge, eller den veks i munnen til ein brekk seg.

Mat kan vere skummelt, kjennast utruleg unødvendig, og den bør i alle fall ikkje endre form eller farge i nevneverdig grad!

Ikkje eingong matboksane må det, så eg håpar at Sparebanken Vest ALDRI sluttar å produsere sine fantastiske, unike og heilt supre raude matboksar, som eigentleg er like ordinær og kjedeleg som eg er før 0500 om morgonen, men som for gutane er DEN matboksen, den vi som skal vere med!

Vi har klart å innføre ein grønn som substitutt, den er endå på nåde..

Så kva er poenget mitt?

Poenget mitt er at i alt dette jaget om sunnhet, velfylte matboksar og variasjon, så finnast det familiar som prisar seg lukkeleg over at borna et.

Om det betyr 4 år med pølser (been there), bare pølser.

Eller at ein kun lev på knekkebrød med skinke ost (Check ), så er det faktisk viktigare det enn at ein ikkje et noko i det heile tatt!

Dette handler ikkje om born som aldri har fått prøve, eller som berre har fått vilja si og sluppe å spise det dei ikkje ynskjer.
Gudane skal vete kor mykje tid vi har brukt på å prøve å variere maten til borna våre!

NEI!

Det handlar om autisme, om konsistens, form og farge.

For meg handlar mat om overleving, om motivering, om til stadighet prøve å innføre små drypp av variasjon.

For å tilstadighet bli skuffa.

Men eg prøve, vi prøve!

Vi har komt oss fra pølser- til heimelaga pølsepizza!
YES!

Vi et også leverpostei, som heldigvis letter mamma sitt elendige forhold til nugatti litt.
Og vi kan ete brun saus, og potetene er klistra så godt ned i sausen at dei ikkje vise- og pappa er der og motiverer når vi et.

Eg vinn ikkje matpakke konkuransen.
Vinn garantert «bad mom» konkuransen om ein vil sjå det slik.

Men det drite eg loddrett i!

Mitt mål er born som et, som ikkje utvikle spiseforstyrrelser på grunn at eit fokus på ei matutfordring som dei ikkje kan noko for!
Det stoppar ikkje meg frå å prøve å innføre nye ting, men eg er forsiktig, og tek det i tempoet eg veit mine gutar taklar.

Vi har og eit problem med vaskelappar.

I skrivande stund har eg akkurat vore å klipt av ein ny ein på ein boxer, der tvilingbroren i fortviling utbryt:
«Korleis skal han no sjå fram eller bak på trusa?»

Men det får vi ta ein annan gong, no må underteikna komme seg på jobb

Ha ein strålande dag der ute alle saman, med eller utan matboks!

<3<3 Ragne Beate