«Stjerner»

29. april 2018

«Når eg tenkjer på dykk, så tenker eg på stjerner.

Kva anna kan eg gjere?

All den kunnskapen de sit med, all den utrulige facinerande, men alikevell så krevjande  måte å møte livet «vårt»på- oss andre.

Oss utan autisme.

De er stjerner.

Mange gonger må eg som mamma ta hensyn som mange ikkje skjøner, men ein MÅ ta hensyn til stjerner!

Det er berre ikkje noko alle veit endå, men det er mange som er på veg no for å gje almennheita denne kunnskapen.

At det ikkje berre er superstjerner som treng «det lisje ekstra», det gjere også desse stjernene.

For, på lik linje med superstjernene sine fantastiske prestasjonar, med team rundt seg, topp sminke, og gode manager, så treng stjernene av denne rang også eit team rundt seg, ein eller helst fleire managerer som saman samarbeidar om korleis man skal få akkurat DENNE stjerna til å skinne!

Kva tilrettelegging som må gjerast, kva koordinering som må til denne gongen, og ikkje minst må dei vere ufatteleg flinke til å anten snu i tide, eller pushe på rett plass!

Stjernenykker kan kome i forskjellige grader og former, det viktigaste er at den som er der veit kva som er ditt stjernetalent, og kva som er din stjernehemsko.

Stjernenykker kan også vere bra- det er det som driv ein framover!

Og på lik linje med vassekte superstjerner så må også stjerner øve.

Øve, øve og øve, og feile.

Stjerner feiler nemlig gang på gang, og det må dei få lov til, vi kan ikkje berge dei frå alt.

For, kva stjerne kan skinne sjølvstendig om dei ikkje har følt på medgang OG motgang?

Og, veit du..

Kanskje vil mine stjerne skinne på arenaer som eg sjølv ikkje hadde tenkt, håpt eller ønska.

Kanskje må eg som mamma bare innsjå at å skinne er det viktigaste!

Ikkje nødvendigvis kvar.

At kanskje ikkje du treng det som eg treng for å lyse opp stjernevegen din, og at eg må hugse at du ikkje er autisme, men eit menneske med autisme som vil gå din egen veg- med meg som eit halevedheng, den siste stjerna nederst i melkevegen som klamre seg til deg og slit med å gje slepp.

Ikkje berre deg nei- bror din og..

Eg trur eg treng eit intensivt stjernekurs før den tid!

De er stjerner.

MEGASTJERNER!

Allereie i ein alder av 10 står de i stress, mas og kav som er langt over det som er forventa.

Vi rundt klarar ikkje alltid å gå den ekstra mila for å skjerme dykk godt nok.

Men de to står der.

De er slitne, de er tidvis fortvila, også både sint og redd, men mest av alt så er de der.

Prøvar- feilar- lukkast- hurra!

Eit steg fram og to steg tilbake- men det er framgong uansett!

Det eine stjernebiletet har endra seg.

De to har vokse frå kvarande på ein måte.

Den eine stjerna har vokse seg større og meir markert, mens den andre framleis er skjør, mindre, med andre behov for å skinne.

Det er greit.

Det er greit fordi vi ikkje skal glømme at ein skal ikkje sjå til andre stjerner for samanlikning!

For det finnast INGEN like stjerner!

De skal begge få skinne på den måten som er riktig for deg, og det skal ikkje knyttast ord som nederlag, tilbakegong eller skuffelse rundt det.

For det handlar ikkje om det.

Det handlar om å kunne skinne best på sin eigen arena <3

 

Eg elsker mine stjerner, mine megastjerner, mine ledestjerner, som har lært meg meir om livet enn eg nokon gong kunne drømme om <3

 

Og dei skal få skinne!

Men ikkje for mamma, pappa, eller tilpassa det kommunale budskjettet.

De skal få skinne der de skin best, koste kva det koste vil <3

 

Til månen og tilbake, aldri kjem eg til å gje opp <3

 

<3 stjerner <3

 

<3<3 Ragne Beate