Å vere seg sjølv i ein annerleis verd

15. juni 2018

Mange gonger så trur eg mennesker rundt familiar med born med spesielle behov gløymer at familien sjølv kan vere like «grøn» som dei rundt i byrjinga.

Det er nemleg ikkje sånn at om ein får eit born eller to med autisme, så kan man automatisk alt om diagnose eller utfordring.

Alt tar tid, alt er ein prosess, og nokre brukar lang tid på denne prosessen mens andre tar det meir eller mindre på strak arm.

Vi er forskjellige, eg veit ikkje kor mange gonger eg har sagt det, men det er så utrulig viktig å hugse på!

Det som er lett for meg, er ikkje nødvendigvis lett for deg, og omvendt.

Mange kallar også oss foreldre for sterke, ressurssterke, tøffe, løvemødre eller fedre.

Sanninga er vel at vi streng tatt ikkje har hatt så forferdeleg mykje val- vi har berre måtta stå i det som har komt, og blitt utruleg gode på å velge våre kampar med omhu.

Men at vi blir tøffe- det er sant- DRIT TØFFE som gutungen på 12 seier her heime.

Vi fekk ikkje noko varsel.

Vi fekk ingen manual.

Vi fekk bornet eller borna våre- og etterkvart fekk vi også autismen, som hadde vore der heile tida, denne klumpen i magen vår, som brått fekk eit navn.

Autisme.

Inn i heimen, inni skulen, inni bilen, soverommet, på matbutikken og på ein kvar anna aktivitet som vi så febrilsk forsøke å få til å funke.

Vi fekk med andre ord eit liv vi ikkje hadde bestilt, men som vi tok utan angrerett fordi det viktigaste ikkje var oss- men heller det kjæraste vi har, borna våre.

Det set oss også i ein anna situasjon.

Vi skal plutseleg som vaksne begynne å leve eit liv vi ikkje veit noko om, eit liv som kan stride så totalt imot det vi sjølve har lært, erfart og opplevd, og med på lasset kjem og at det følast som om du står der mutters åleine i verda og ikkje ein einaste ein klarar å skjøne DEG.

Mamma.

Pappa.

Men ikkje som alle andre mammaer og pappaer.

Autismeforeldra.

Du må igjen inn å ta eit nytt  val.

Korleis skal du kunne ta vare på degsjølv?

Eg blir forbanna når eg høyre orda «du treng meir avlastning», om ein har ymta frampå om at ein er litt sliten.

Altså- trur de ein blir mindre sliten av å pøse på med avlastning?

Eller- er dette orda som lettar samvittigheten til den som seier det, fordi ein kom fram til ei løysing.

«Du treng meir fri».

Det kunne ikkje falt seg inn å seie same setninga til personen som jobbar 37.5 t veke, og som hiv seg ned på sofaen med noko godt i glaset fredags kveld og utbryt: Herregud eg er sliten altså!

Dette er nemleg akspetert.

37.5 times veke= sliten

Å ha born med spesielle behov= treng meir avlastning.

Faktisk så kan man bli sliten UTEN å trenge avlastning altså- thank you very much!

Og, det her avlastningsgreiene er ikkje så såre enkelt som det høyres ut, det krev faktisk ein over middels innsats til for å i det heile klare å gjennomføre avlastninga- men det tenker ein kanskje ikkje på.

Vidare så må foreldre finne seg sjølv på sin måte.

Mange fortel at dei byttar totalt vennekrets, andre har avtalar seg imellom om «enetid», og andre grin seg i søvn i 2 år, og treng å prate prate prate.

Alt er ok.

Alt er normalt!

Det viktigaste er at ein finn sin veg.

Eg har sjølv brukt lang tid på å finne min veg, finne rett balanse, og klare prioriteringane.

Garantert kan eg bli flinkare, men enn så lenge så funke det for meg.

Og veit de- det er pina meg godt nok!

For eg har lært meg at godt nok kan vere bra innimellom, om det ikkje handlar om gutane då- der er berre det beste godt nok 😉

Men for meg er bra heilt topp😊

Eg fekk det livet eg fekk, og heldigvis har det livet lært meg meir enn eg nokon gong kunne drøyme om- nettopp om megsjølv og kva eg tåler.

Også har det lært meg å sette pris på mykje av det som susar avgarde utan at man eigentleg registrere det.

Det har tatt 10 år- og eg har ein lang veg å gå endå for å finne min veg.

Framleis utan manualen, men klokare fordi eg har lagt puslespelet utallige gonger, fleire gonger feil enn rett, og med plutseleg 3 brikker for mykje innimellom.

Poenget mitt i heile denne tiraden er at ein må la familiane få gå i sitt eige tempo, ein må la foreldre få lov til å kjenne på alle følelsane som dei har, og la dei få finne sin veg.

Foreldra treng å finne seg sjølve på ein måte «på ny».

Inga sjølvrealisering nei, men heller ein sjølvattkjenning.

Kvar er eg no? Kvar finn eg plass til meg?

 

Det kjem- det tek berre si tid.

 

Ein må ta seg den tida.

 

<3<3 Ragne Beate

 

 

  • - SuperheltMamma -

    Ei helsesøster sa til meg en gang, at hun ikke forstod hvordan jeg klarte å stå oppreist en gang. Det er som du sier. jeg visste ikke at jeg egentlig hadde et valg..