Endring, så naturlig, men dog så vanskeleg

18. juni 2018

Det er mange gonger på min veg saman med autisme i heimen, at eg skulle ha likt og vise kor uhyre lite det skal til for å vippe eit autistisk born av pinnen.

Ikkje alle autistiske born sjølvsagt, det er ikkje alle som er like sårbare for endring, eller som har den enorme rigiditeten som mange mennesker med autisme har.

Men mange er innanfor denne utfordringa.

Eg er mamma til to slike.

Og eg sluttar aldri å bli forbausa, overraska og innimellom endå sjokkert over kor mykje ei lita endring i ein plan kan vippe oss av pinnen, eg skriv oss, for dette angår i høgste grad oss når det skjer.

Ein annan veg heim, eit stopp eg kanskje ikkje har klart å informere godt nok om, nokon som kjem på besøk når vi ikkje hadde venta det.

Eller straumen som går i ein storm, eit internett som dett ut når det er minst venta, eller at taxien til skulen er 2 nanosekund forsinka.

Reaksjonane handlar også om alt rundt.

Dei vert sterkare om endringa er kombinert med ei dårleg søvneperiode, ytre stress, eller gjentakande misforståingar.

Ein gløymer også ofte at born med autisme som har språk ofte har store utfordringar med å utrykke kva dei tenkjer og føle, og at abstrakte ting er vanskeleg å forholde seg til.

Ergo kan stressrelaterte hendingar «toppe» seg, fordi bornet ikkje har hatt mogeleghet eller- blitt gitt mogeleghet til å gje beskjed.

For der har eg gått i ei og anna felle oppigjennom.

Antatt at dette kjem til å gå bra, antatt at dette taklar vi- også taklar vi det så til de grader ikkje!

Og vi snakkar ikkje om den store poff og smell endringa- vi snakkar om ein liten fise endring som plutseleg eksploderte i eit vilt fyrverkeri!

Total krise- det kan vere nok med eit hol i ein sokk.

Eg skjønar det ikkje- men eg erkjenner at det er slik.

Livet består av endringar, det er ein del av det å vere eit menneske, og i dagens samfunn med sosiale mediar, og ei rivande utvikling på mange frontar så endrar det seg nesten fortare enn vi klarar å få med oss.

Det er difor det er så viktig å jobbe med rigiditet og endring.

Jobbe med å finne løysinger som kan funke, og ha gode dialogar mellom skule og heim, heim og hjelpeapparat.

For born med autisme, mine gutar med autisme, taklar ikkje det åleine, dei må hjelpast til å bli meir robuste, å takle litt meir, fleire gonger, men i sitt eige tempo.

Sitt eige tempo, viktig moment, ikkje alle oss andre, men deira eige.

Men vi må aldri slutte å prøve!

Ein bagatell kan velte verda- og dette er reelt.

Eg prøve å tenke det når det oppstår situasjonar som skulle gå- men som ikkje gjekk.

Igjen- eg skjønar det ikkje, men eg erkjenner at det er slik, og prøve å finne ei løysing.

 

Ein bagatell kan velte verda- husk det.

 

<3<3 Ragne Beate