Eg har ikkje satt til verda taparar- men mennesker med rett til livskvalitet

27. juni 2018

Eg hatar tanken på at mine born er ein del av ein statestikk, men det er dei allereie.

Brukarar.

Dei mottek tenester.

Nødvendig helsehjelp.

Familien har tyngande omsorgsoppgåver.

Dei kostar pengar.

Så skal desse brukarane i skrivande alder av 10 år vekse opp, i trygge og gode omgjevnadar her heime på garden med sine over middels beskyttande mamma, og kjærlege pappa, og ein heil haug med dyr, for så å skulle løfte vengjene sine og fly (med støttevenger).

Til kva?

Over i ein ny statestikk.

Statestikk NAV.

Desse som treng hjelp til det «ALLE andre» utan tvil klarar.

Å jobbe.

Om de syns eg no ser litt for langt fram i framtidskula, så spar argumenta dykkar- eg veit kva eg har å jobbe med, og eg ser heller ikkje på det som negativt, men heller prøve å finne dei styrkjene vi har her heime som kan gje grobotn for utvikling.

For å finne noko meiningsfylt  å gjere.

Men det vil mogeleg krevje ein ung ufør.

Og gabooom!

Der suse vi rett inn i den boksen som ingen vil ha oss i!

Politikarane vil ha ned forekomsten, dei skal ha ALLE inn i arbeid, og det må tilretteleggast, tilrettelegast og tilretteleggast.

«Så flott»- tenkjer eg.

Men kan alt tilretteleggast?

Sånn ca 100%?

Eller snakkar vi gradert?

Kva kan ein sette vår Laurits til? Eller Georg?

Kva er dei verdt- i sysselsettinga sitt namn?

Og kven i svarten er det som snart har tenkt å ta til orde for alle desse menneska, som ein på død og liv skal ha inn i ein fordømrande smal boks som ein berre ikkje klare å skvise seg inni- på ein god dag!

Og setje livskvaliteten deira, og ikkje minst brukermedvirkninga på agendaen?

Kven skal snakke om tilleggsvanskane som kjem med autisme, om angsten som blomstre, tvangen som lamme, og depresjonen som sit der som eit margtroll- om stresset og presset kjem forlangt!

Seier eg at desse menneska ikkje skal gjere noko?

Nei- men det skal og må vere individuelt tilpassa!

Og man kan ikkje ha utgangspunktet i: «Tala skal ned».

Men heller i «kva kan DU klare?»

Det er forøvrig godt mogeleg at det er intensjonen og, men når det kjem ilag med «antall unge uføre er altfor høgt» så får i alle fall eg ein emmen smak i munnen.

Mine gutar er verdt noko- dei er faktisk like mykje verdt som alle andre som leve og puste på denne jorda.

Eg skulle ynskje at mine gutar kunne blitt politi, brannmann eller astronaut , og enn om?

Eg lev i alle fall draumen ilag med dei enn så lenge.

Men skulle det no slik ende at framtidsbobla mi slår rett til, så håpe eg at gutane mine sine evne kan bli sett, at hjelpeapparatet møte dei med haldninga om å hjelpe, ikkje spare, at tilleggsvanskane blir tatt på alvor, og sist men overhode ikkje minst:

AT EIN OPPRETTHELD DEN LIVSKVALITETEN SOM DEI HAR KRAV PÅ!

Autisme råkar utan mål og meining, ingen test i svangerskap, ingen kur i livet, anna enn den hjelpa vi gir dei ved struktur, forutsigbarhet,og ein heilt alvorlig stor mengde med veiledning og omsorg.

Borna som vert statestikk frå den dagen dei er fødde.

Og kva kan ikkje desse menneska gjere og bidra med i samfunnet om dei får gjere det på sine eigne premissar, dagsform og utfordring- samtidig som dei får hjelp å leve for?

Vi har råd til å gje dei et verdig liv!

 

<3<3 Ragne Beate

  • Sidsel Anita Ekblad Itland

    Spot on igjen, Ragne. Det er dette det handler om. Og om hvilket menneskesyn som skal prege hvordan vi styrer i landet vårt.