Takk for meg <3

17. august 2018

Kjære alle sammen <3

Etter 2 mnd i tenkeboksen, med veiing for og imot, er det, ikkje med lett hjerte at eg no legg blogging på hylla, og legg ned «På randen med Ragne», for godt.

Gutane mine veks til, utfordringane kjem og går, men vi putlar oss framover sakte men sikkert, og eg kjenne veldig på at eg ikkje lenger kan forsvare deira personvern, om eg skal forsette å skrive.

Eg har heilt fram til no følt at balansen har vore riktig, men etter denne sommaren kjenne eg at nok no må vere nok <3

Det kjennes riktig.

Eg kjem ikkje til å slutte å engasjere meg, eg kjem heller ikkje til å slutte å skrive, på ingen måte, men eg må finne ein annan måte å få fram det eg brenn for.

Kanskje ein ny blogg?

Kanskje ein annan vinkling?

Eg veit ikkje per no, men eg veit at det ikkje kan vidareførast under «på randen med Ragne»- så eg tek ei pause, og ser kor det vil føre meg.

Tusen tusen takk til alle som har lest, som har kommentert og som har fulgt oss på denne fantastiske reisa som eg har fått lov til å vere med på.

Tusen takk til dei engasjerte foreldra som gav meg bloggen i gåve  for snart 3 år sida, det gav meg ein boost eg ser har vore heilt essensielt i mi eiga utvikling.

Som mamma, men nok aller mest som Ragne.

Det viste seg at eg var god nok som eg var!

Forsett det gode arbeidet med opplysning om autisme, kunnskapsløfting og fokus på menneskeverd og likhet.

Finn gode meiningsfeller, og meld dykk inn i Autismeforeningen i Norge om de får eit autistisk born- dei gjere ein enorm innsats for oss interessepolitisk.

Få med dykk riksteaterets oppføring av «tung tids tale» , ført til pennen av Olaug Nilssen, ei unik bok, eg ser storlig fram til stykket <3

De vil ikkje gå glipp av det.

Og, følg bloggen til Helene www.ossplussautisme.no , ei fabelaktig mamma som er verdt å følge

Og ei anna Helene, www.aspergerinformator.no som gir oss eit unikt innblikk i korleis det er å leve med aspergersyndrom.

 

Vi kan aldri kvile i kampen for borna våre sine verdige liv, vi må heile vegen kjempe, vere taktiske og løysingsorienterte.

Fordi dei er verdt det.

Den kampen sluttar eg aldri å ta!

 

Lykke til alle mann, vi snakkes ved neste korsveg <3

 

Til dess:

 

Tusen takk for meg <3

 

<3<3 Ragne Beate

 

-Different but not less