Fyrst av alt vil eg seie tusen takk til alle som har delt innlegget om Tony sin bragd på 17 mai.
I skrivande stund er innlegget del 195 gonger, og det syns eg er så fantastisk kjekt!
Glade opplevingar og hendingar fortener stor plass tykkjer eg 🙂
Dagens blogginnlegg er ikkje av den lystige sorten, det tar føre seg eit alvorleg tema, nemlig skulevegring.
Eg har lenge hatt lyst til å skrive eit innlegg om dette temaet, men eg har ikkje heilt klart å finne vinklinga mi, før i dag.
Her går ei klar grense mellom det som er fagfolk sitt « depet» og kva ei mamma på ein blogg kan skrive om.
Skulevegring er såpass alvorleg at ein ikkje skal drysse ut av seg tips og råd, når ein ikkje har kompetanse til det.
For ein ting er i alle fall heilt steikje sikkert, og det er at skulevegring, det er komplekst, og aldeles ikkje berre ein eintydig årsak.
Og det trengs rett kompetanse for å snu det.
Men, det eg tenkte eg skulle gjere i dag, er å snu det på andre sida.
«Korleis opplev foreldre ein situasjon med eit born som skulevegrar?»
De som får høyre at «Etter Opplæringslova skal alle born gå på grunnskulen», eller « eg skjønar verkeleg ikkje problemet, det er no berre å få bornet avgårde på skulen, no må du slutte å vere så blaut», eller « Altså, det e no vel for f… berre å stå opp ein halvtime tidligare ,så er de no klar til skule start».
Og den beste :
Sidan eg ikkje føle eg har nok erfaring med skulevegring til å skrive ei historie om megsjølv, så har eg tatt meg ein kunstnerisk fridom til å lage ei historie.
Histora er tufta på eigne følelsar, men også kraftig avbilda av historier som vener og ukjende med barn som skulevegrar har fortalt meg oppigjennom dei siste åra.
Eg trur mange vil kjenne seg att, og til de som meiner at det berre er å sende bornet avgårde, tenk ein gong til..
«Det er ein vesentleg forskjell mellom å ikkje ville-kontra å ikkje evne»
«BORNET MITT KLARAR IKKJE GÅ PÅ SKULEN»
«Vekkerklokka ringe, den vise 0500.
Du ligg i senga, og føle at du eigentleg akkurat hadde sovna, det er ikkje så rart når ein tenkjer etter, du sov ikkje så godt i natt.
Ikkje i natt heller.
Sovna seint med klumpen i magen, den som alltid kjem på sundags kvelden, og som vekkjer deg fleire gonger i løpet av natta, iskald, vond, med lett kaldsvette nedover ryggen.
Måndags morgonen er roleg ute, du høre det dryppe lett regn, mens du startar kaffi traktaren.
«Fanken og» tenkje du, håpe ikkje det er det som skal velte morgonen i dag!
Du lagar skulemat og frukt til borna, legg alt i rette sekkar, og finn fram kle.
Automatisk dobbeltsjekkar du det eine bornets kle.
Har det flekkar? Er det hol? Lappar som kan vere til plage? Og dobbel dobbel sjekkar at det faktisk er klea til bornet, og ikkje syskjena.
Det skal i alle fall ikkje vere det som skal øydeleggje morgonen nei.
Frukost til deg sjølv, du prøve, men det vert med eit par 3 koppar med kaffi, magen er liksom ikkje heilt med deg endå.
Du sjekkar klokka, den nærme seg halv 7.
Vekketid.
Kvelden i forvegen gjorde du klare avtalar med dei to store.
Ikkje lag styr, versåsnill, eg ber de så mykje!
Dei veit korleis det er, ikkje terge, ikkje plag, og for all del gå ikkje i vegen!
«Dårleg samvite» kviskrar ein raud djevel på skuldra di .
«Eg håpar dei hugsar no då» kvistrar den kvite engelen på andre skuldra.
Banden vaknar til liv, frukosten vert servert, og NRK super vert sett på som bakgrunnstøy.
Ipad er borte, same er DS og datamaskin, det skal ikkje vere noko liggande framme som kan trigge at ein ikkje vil gå.
«Det ser ut til å gå bra i dag, stemninga er god» tenkjer du mens du set koppane i oppvaskmaskina, men du kan ikkje noko for det, kvalmen bølgje i kroppen alikevel.
Plutselig pip alarmen på telefonen, HELSIKKE! Du har gløymt å skru av alarmen som seie at du skal til legen i morgon.
Du hiv deg etter telefonen, omtrent knuse den i forsøket på å få av den svartens lyden, mens du samtidig rettar blikket mot yngste bornet ditt.
«Var det lyden som velta lasset i dag?»
«Puh! Det ser ut som det gjekk bra»
Klokka bikkar 8, dei eldste er på veg ut døra.
Kos og klem til mamma, med ynskje om ein god dag.
Du skryt av dei, gjer dei gode kraftige klemmar, fortel dei kor glad du er i dei, og kor stolt du er.
«Du skulle hatt meir tid»- seier den raude djevelen på eine skuldra
«Du gjere så godt du kan»- trøystar den kvite engelen.
Oppi alt det her,har du telt ned, 15 minutt, 10 minutt 5 minutt, no er det berre 2 minutt igjen til taxien kjem.
Magen knyte seg!
«Kjære Gud, la ikkje den taxien vere forsinka! Og lat dei for alt i verda ikkje sende ein sjåfør vi ikkje kjenner».
Bornet kjem i gangen, tar på sko, hue og jakke, alt ser tilsynelatande fint ut i dag.
Sekken klar på ryggen, og taxien svingar opp innkjørsla, du ser det er Gunnar, ein av dei faste, HURRA!
Bornet ditt står framleis i gangen, bleik no, og bevegar ikkje ein muskel.
Du veit at viss du «pushe» no, så smelle det.
Du veit at viss du snakke for snilt så begynne bornet å grine.
Du veit at stille du krav så er du dødsdømt.
Men du kjenner og signala, du veit bornet ikkje har sjangs.
«Eg klarar ikkje mamma», kviskrar bornet, og lar sekken skli stille ned på golvet.
«Eg berre klarar ikkje»..»
Til ettertanke…
<3<3 Ragne Beate