Framtid, så langt vekke, men alikevel så nært <3

1. juni 2015

Tenkjer de mykje på framtida og bekymre dykk litt?

Sjølvsagt gjere de det! Alle tenkje på framtida, og iallefall etter at ein for born sjølve.

Mamma mi skal denne sommaren sende siste bornet sitt ut av huset «for godt».

Lisjebroen vår er blitt stor, skal på hybel, starte høgare utdanning.

Eg trur ho er litt bekymra og, ikkje sånn veldig, men det er no eit stykke å kjøyre mellom Volda og Måløy, og det kan no jammen vere glatt på Stigedalen, eller kjøyre han Kvivsvegen kanskje? Han har ikkje ringt så er ikkje heilt sikker kva veg han kjem…

Eg har verdens mest fornuftige lisjebror, eit prakteksemplar av ein ungdom som ein kan lite på herifra til månen, men det er rart med det , mødre bekymrar seg no dei alikevel.

Mine bekymringar for framtid er annerleis enn mamma mi sine, annerleis på den måten at eg nok ikkje kjem til å sende mine gutar til Volda for å gå på høgskulen, her er nok heilt andre utfordringar..

«Har eg virkeleg lov til å seie slikt??» RAGNE, SKJERP DEG!

Det hyle inni meg når eg tenkje slike tankar, for det er ingen som har sagt at ikkje mine gutar skal klare å gå på ein høgskule sjølv om dei har autisme.

blogg 1 juni

Temple Grandin er jo blitt professor i så mykje rart ho! Ho har jo infantil autisme.

Ja, eg vert sint på meg sjølv, eg blir det!

Mamma mi er ein smarting, ho pleier alltid å seie:

«Ein dag om gongen Ragne, ein får ikkje meir enn ein klarar å bære»

Vel, eg skal kome med ei rimelig grei innrømmelse:

Eg e steikjande dårleg på å ta ein dag av gongen!

Det snik seg stadig  inn nye tankar om bustad, om tilsyn, og om miljø.

Vil dei trivast? Vil dei bli tatt vare på? Tenk om eg vert sjuk for tidleg, og gud forby, tenk viss eg parkere tøflane før eg har gjort alt eg skal!

Alt eg skal tilretteleggje, søkje om, organisere, vere streng, sette status, rose, ALT!

Kva vil dei trenge? Når ser vi nok til at vi kan ta avgjersla for korleis vi skal leggje løpet? Skal vi undervurdere, eller skal vi overvurdere?

Kor går grensa mellom overvurdering og undervurdering?

Og kva er eit verdig liv?

For alt i alt er det jo det mine tankar om framtid bunnar ut i.

Korleis klare å gje det kjæraste eg har eit verdig liv, sjølvsagt på lag med dei?

blogg div 14

 

Eg holdt ei periode på å slite meg ut med å tenkje på korleis ting skulle bli i framtida, og satte altfor store krav til meg sjølv.

Så eg tok eit val:

«Ver den beste utgava av degsjølv!» les du i avisa til stadig.

«Brestreb å verte den beste utgåva av deg sjølv!»

Vel..den beste utgåva av meg gav for det fyrste vaktmeistaren i «mitt kroppslege tempel» fyken for eit års tid sida, stemma som heile tida satte krav om kosthold, trening og kroppshysteri.

Då hadde eg fått nok av å prøve å være noko eg ikkje er. PUNKTUM.

blogg 1 juni2

Den beste utgåva av meg bekymre seg for framtida, men på ein meir nyansert måte no enn for nokre år sida, men den lar meg få lov.

Den gjer meg lov til å tenkje at det KAN hende mine sine vil trenge masse hjelp i framtida, men det er ikkje sikkert.

Og om dei gjere det, så er det heilt greitt!

Den beste utgåva av meg flaggar no over dei pittesmå tinga, like mykje som dei kjempestore måla.

Og den gir meg latter, glede men også tidvis ein bunnlaus fortviling.

Det er også heilt greitt!

Den beste utgåva av meg gjere meg skjerpa for å fylje med, nyte kvardagar, observere og tolke to små gutar som langt borte men alikevel så nært  skal bli vaksne menn, og som lisjebroren ein gang forlate redet.

Korleis og i kva slags form veit ingen endå, og det er heilt greitt!

Men eg kan love dykk ein ting, uansett form, så skal den verte verdig!

 

«Different, but not less»

 

<3<3 Ragne Beate