Heisann alle saman og riktig god mandags kveld:)
Fyrst vil eg takke for alle kommentarar og delingar av blogg innlegget mitt på fredag:)
Innlegget er delt 500 gonger.. det er nesten skremmande kor fort noko kan spreie seg over nettet..
Eg har fått både gode og kritiske tilbakemeldingar, og det set eg pris på. Ein må tole at ein ikkje alltid er einig.
Men ingen har vore slem eller sleivkjefta heldigvis, og akkurat det ,korleis ein oppføre seg på nett tykkjer eg ein skal tenkje litt på når ein vil kommentere.
Uansett kor engasjert ein enn er, så skal ein oppføre seg som vaksne.
PS. Der har dukka opp en liten feil på bloggen min,dei som vil følge meg på Facebook må søke opp «På randen med Ragne » og like den sida☺Linken går no til mi private side,driv å jobbe med å fikse det☺
I dag har eg lyst å skrive litt om stress hos foreldre.
Eit tema som ikkje er nok belyst føle eg, litt tabu og då dei fleste foreldre som har born med spesielle behov ikkje verken ynskjer eller har tid til å tenkje over sitt eige stress nivå før det er for seint.

Og igjen vil eg minne om at eg ikkje er lege, psykolog eller noko anna, eg er forelder, mamma og skriv slik eg føle og opplev det, men litt galen humor, det må ein tåle.
Personleg er eg av det kaliberet som aldri heilt logge av, som er eit hovud forran og heile vegen beregne korleis det kan bli, korleis det bør bli, og ikkje minst korleis det IKKJE skal bli.
Men eg har blitt flinkare etter kvart som eg har lært og erfart.
Noko stress skal vi ha, det skjerpe deg, gjere deg klar og gir deg energi, men det er forskjell på stress.
Stress kan gjere deg sjuk.
Skikkelig sjuk faktisk.
Det kan gje deg nedsatt immunforsvar, smerter i kroppen, hovudverk som aldri heilt går over, det kan og gje deg kogentive vansker som at du føle at hukommelsen din svikte osv osv..
Det her er dokumentert i massevis, og blitt meg fortalt av mange forskjellige fagfolk.
Eg har og opplevd det sjølv.
Heldigvis backa eg før eg virkelig traff den berømte veggen, eg small berre i han litt.
Dei som virkeleg treff veggen kan bruke årevis på å kome seg.
Foreldre som har born med funksjonshemmingar går i si eiga boble så lenge at dei tilsutt møte veggen, og til og med kan lure på kva som eigentleg skjedde her, og kvifor såg eg det ikkje komme før det faktisk gjorde det??
Kor mange av de blir sjuke når borna er på avlastning?

Sånn ca 10 min etter at dei er vekk ut døra, og du ligg strak på sofaen med ein eller anna forkjølelse, influensa, eller hovudverk?
Skulle ynskje eg kunne sett handsopprekking via ein blogg!
Derfor seie eg som fyljer:
«Den beste hjelpa du kan gjere for deg sjølv er å la deg sjølv kjenne etter på kor stressa du EIGENTLEG er, og prøve å finne noko som kan hjelpe deg til å stresse ned»
Lettare sagt enn gjort, eg veit det, men den investeringa å faktisk tenkje på seg sjølv akkurat her er så fryktelig viktig!
For kven er der for hus ,heim ,born og mann eller kjerring for den del, den dagen du ligg nede for teljing?
Det var det som fekk meg til å tenkje meg nøye etter..
Så, kva kan stresse ned?
Eg vart råda til handarbeid, som strikking eller brodering, gjerne ilag med ei lydbok eller lignande.

Det skjønte jo eg kunne vere beroligande,for eg har fleire venninner som bruke for eksempel strikking som avkobling.
Eine venninna min kan du faktisk sjå sinnstemning ut i frå korleis ho strikke.
Er ho rolig så går pinnane jevnt og trutt, er ho hissig eller engajsert så går strikkepinnane med ei fart som ikkje ligne grisen, lyden klikk klikk klikk klikk klikk, kjem susande som ved ei mitraljøse.
Då pleie eg å ta ei skritt bak, slike strikkepinnar er jo skarpe jo! Hehe 😉
Eg fant fort ut at raseriet eg følte kvar gong eg mista ei maske, nok hadde meir negativ innvirkning på mitt blodtrykk enn positiv, så det vart med ein halve sokk.
Yoga vart eg og intrudusert for, noko som skal vere avkoblande og avstressande.
Det veit eg fungere for mange, men det fungere ikkje for meg.
For det fyrste har eg aldri vokse av meg fnisealderen , så å stå i ei eller annan merkeleg stilling og skulle puste djupt og få meg til å tenkje på ingenting, resultere i at eg sjølvsagt lure på kva som hadde skjedd om eg slapp ein «liiiiten» ein , eller kva vi skal ha til middag.
Nei, yoga er berre ikkje mi greie!
Etter litt synsing og utprøving fram og tilbake så fant eg min ting for å avhjelpe stress.
Bøker og turgåing.
Veit de, det var ei periode eg ikkje huska frå 12 til middag, det vil seie, eg hugsa alt som hadde med borna å gjere men alt anna det datt berre ut.
Det var på den tida «Fifty shades of gray» var i vinden.
Eg las 2 boka i «Fifty shades of gray» seriem i 3 mnd i strekk.
Hadde jo lest den før, så visste jo alt som kom til å skje.
Å byrje på ei ny bok var uaktuelt, for eg klarte ikkje å konsentrere meg nok til å hugse kva eg leste, men lese det måtte eg, for då slappa eg av.
Ergo vart det «fifty shades of gray»-bok 2- enkel litteratur, lite å hugse, du veit kva som kjem, (hoho) og visse sider i dei bøkene er temmelig lettleste altså!

Trening har eg alltid drive med, på mosjons nivå vel og merke, så der var det meir å innsjå at eg ikkje klarte å gå like langt eller fort, når eg var sliten, men at ein liten tur var mykje betre enn ingen tur..
Turgåing trur eg forresten er godt for alle, frisk luft, litt endorfin i omløp, og eit skifte av miljø ei lita stund:)
Poenget mitt er at ein må finne det som er rett for seg, og ikkje ha dårleg samvite fordi ein kjenne at no må ein ladde litt sjølve.
For glade mødre gir glade barn.
Og stressa mødre er ikkje glade..
Kva gjere du for å stresse ned?

<3<3 Ragne Beate