Ein av dei kjekkaste tinga med å skrive blogg er at eg i ny og ne få lov til å skrive kjekke historiar om superheltar som meistrar- sjølv om dei har autisme.
Historia er gjengjett med tillating frå familien.
Vi snakkar mykje om alt borna våre slit med, så i dag skal eg fortelje om ein verkeleg konge- nemleg Sander:)
Sander er 10 år, har infantil autisme og ADHD og går til vanleg på Tveiterås skule i Bergen, som er ein tilrettelagt skule.
Særinteressa til Sander er Elvis, og, Sander er kanongod til å spele bass!
Fjord-Line arrangerer Elvis cruise i november, og der har Sander fått lov til å være med å spele ilag med «Kjell-Elvis» som sporty nok sa ja med ein gong då mamma Elisabeth sendte han ein mail.
For en opplevelse!
3 sanger på tur til Hirtshals og 3 sanger på veg tilbake til Bergen fekk Sander spele ilag med sin store helt «Kjell- Elvis», og guten spele som han ikkje skulle ha gjort anna.
Det skal også nevnast at Sander er ein habil musikar i bandet til Autismeforeningen i Hordaland kalla «Ferske Kneipbrød», der alle medlemmane har autisme.
Å gjere det Sander klarte desse to dagane på Fjord Line, det koste, det koste alvorlig mykje energi og krefter.
Men han gjennomførte og han gjennomførte med stil <3
Eg blir så glad av slik meistring!
At til tross for si utfordring så har Sander fått lov å vise kva han kan <3
All honnør til artisten «Kjell- Elvis» som tok med Sander i showet og gav han sjangsen til å vise seg fram. Det har gitt guten ei oppleving han kjem til å leve på i lang tid, og ein tankegong og mentalitet som vi andre kan lære noko uttav.
Å gje nokon ein sjangse sjølv om man er litt annerleis.
FANTASTISK!
Elvis er kalla «The King»- det finnast ein til, og han bur i Bergen!
Tommel opp for Sander!
<3<3 Ragne Beate